28. mai 1926

Gryungen, mai 1926

«Gryungen» – 28/5 – 1926
Bladstyrar Solveig Aronsen.

 

Referat.
Onsdag 25. mai hadde «Gry» møte hos Seebergs. Møtet tok ikkje til før over fire, så nesten alle lemane var seint i rute. Det var ingen som betala mulkt. Vi vart alle einig om at det var det aller billigste; men ventelig hadde det nok ikkje gått så godt og lettvint, om formannen hadde vore tilstades. Eit par av dei andre lemane mangla også.
Møtet tok til med sangen «Handi hans far min var slite og hard.» osv.
Så las då eit par av lemane, kvar si stund, litt av Bojers; «Vår egen stamme.» Den siste som las var nok ikkje heilt stø på om han (ho) skulde lese alle «de stygge uttrykkan.» -Forresten var det ikkje stort fred å få til å lese, for to av lemane som berre vilde gjere ugagn, sett seg på divanen og tok til å bombardere kvarandre med putar; så dei høyrde visst fælt lite kva som blei lest. -Kun no og då, når «dei stygge uttrykkan» kom att, flira dei mykje meire enn dei nok hadde godt av.
Humøret var frå fyrst av nokså lågt hos alle samann, men då vi ha drukket kaffe, og ete en masse godt smørbrød, vart det nok eit grann betre. Ja, då nokre av lemane tok til å syngja og å underhalde med nokre songar av «Alvestads songbok», stod nok låtten høgt i taket. Dei hadde just ikkje alltid rette melodien, og innimillom høyrdes også eit nokså kraftig: haha! Så song vi då «heile kula» nokre ovfine vårsongar i samman. Og det blei vi alle einige om, at dei av lemane som ikkje kunde melodien på dei songane, skulde være nødt å læra dei på møtane vi skulde halde no på foråret.
Så blei det beslutta å få eit handskreve blad til møtane. Døypt blei det ikkje med det same, venteleg ville ein først høyre æreslemane si respekterte meining. Som bladstyrar fyrste gong blei valgt Solveig Aronsen. – Det blei også foreslått og einstemmig vedteke at vi skulde ta til med å ha ordskifte på møtane. Fyrst vilde nokre at han som innleida ordskifte, sjølv skulde bestemme kva emne han skulde ta. Dette var ikkje alle einig i, då nokre tykte at ein måtte vete på forhand kva ein skulde snakka om, derfor vilde nokre at alle lemane kunde fremlegge emner til ordskifte, og så få avgjort med eingong, kva ein skulle diskutera.
Vi sakna alle formannens meining om dette, likeeins dei andre av lemane som ikkje var tilstades. – Ein av lemane foreslo noko om fiskeriane og dets betydning; men det var nok ingen som vilde innleida eller diskutera det emne. Signe Seeberg foreslo «Kva bør bondejentane gjere for å berike sin åndelege horisont.» Enstemmig vedtatt. -Som innleidar blev foreslått Signe Seeberg og Solveig Aronsen. Den siste blev valgt med 9 st. mot 1.
Neste møte skulde være hos Kristine Vilhelmsen om 2 veker. Tilslut song vi: «Å leva det er å elska». Så laut vi då bryte opp, klokka var då halv åtte. Alle tykte nok vi hadde hatt ei hyggelig stund samann.-

Tankesprog

«Å gå på træff meire enn 6 gong i vekka, må engen frest mæg tel,» sa han Arne, då han hadde vorre forlova i 3 år.-

«Gjær du mæg fleinskallat, så svær æg! sa han Toralf.
Han og ho Tinemutter sloss så bustan fauk.-

«Her tør eg ikkje vær når det e skutår,» sa han Lars. – han fekk sjå alle Myrlandsgjentan på ein gong.-

«Den som endå fekk ta «trugnast møy» med, sa han Alf, då han fekk beskjed om å reise til Grønland.-

«Drag førsekti glunta!» sa han Sverre. Han fekk ei gjente på sine garn, medan dei drefta før Kjevsøya.

«Æg ska beinast søk mæg plass i Holdøya som rundbrennar!» sa han Einar, og slo i bordet.-
Sfinks.

Kvæde!
Melodi: Når Johan på Snippen har kjøpt osv.

1.
Det var nu nokon vekje som fann på ein dag,
at de skulde ta og danne seg et lite lag.
Og «pikeforening» det kalla de det førr.
medlemma der tegna seg i nord og sør.-
Derpå vart det slien fast med mange paragraffa
kor stor multan skul vær, når medlemman vart straffa
En femøring mått di pung ut med ein og kvær,
ifall de kom forseint, og at di engenteng vel gjær.

2.
Foreninga vaks seg nu både stor og sterk,
fekk æresmedlema og anna slags herk.
Men det vart ikkje lenge førr de måtte reise sin vei,
de mått ned til Lofoten og fiske skrei.
Når så lørdagskvelden kom stod gleda høyt i taket,
førr du kan skjøn, æresmedleman kom så tebake.
Då fekk de seg litt kaffe og «gokæk» prima sort,
nei, slike ettermøte det glømm man ikkje fort.

3.
Eingong utpå våren då sku vi ha oss fest,
og folk kom der både fra aust og fra vest.
Svart av folk det var der nu alle stess å se,
alle så sku di nu på festen vær med.
Vi forevist eit skuespill og folkeviseleika,
så folkan var aldeles vill, de klappa og di peika.
Etterpå så svenga vi oss lystig i takkt
gutan og gjenten gav ikkje så snart tapt.-

4.
En søttende mai med godver vi fikk,
vi festa og tura så det hadde sjikk.
Gluntan de låg attom steinan i skjul,
å snapsa, å skåla, og trudd at det va jul.
Då de vart i farten, ja, då kom de inn å dansa,
svenga seg i vals, så eg trudd aldri di ha stansa.
De slutta vest ikkje før klokka va tre,
men eg er kje sekker, før på slutten var `kje æg me.

5.
Ja, «Gry» skal nok vekse i tusen av år,
og kanskje endå lenger, heilt mens væra står.
Og når vi så får hus op, då kjem det først i sveng
då sopa vi inn penga, mest som engen teng.
Så, når vi kjem op i våre alderdommens dage,
kan vi jo på våres liv og verke sjå tebake.
Ja, då kan vi segje, så kipen og kry,
«Eg va og i laget den gong vi skipa Gry».

Litt vårprat
Så var det vår att, med fuglesang og fossedur. Sola skein så varmt frå den skyfrie himmel, og vårvinden leika så sval og fin i trea, som no var tatt til å grønkast.
Inne i stova satt to gjente med kvar sitt handarbeide. Den eine skunda seg og sydde, men med eit kasta ho arbeidet på bordet, strekte seg på stolen og sa:
«Åja,- no er det jo vår! Så herlig det er, alltid syns vi det er noko nytt, kvar gong han kjem. -Somar blir det vel og snart – vi e ju alt sist i mai.-»
Den andre la no også arbeidet frå seg – og så kom det nokså seint:
«Ja, somar blir det sikkert. Men kaslags sommar trur du det blir iår. Æg trur nu ikkje det blir nokka arti, næsten alle gutan reis ju frå oss. Han Arne skal jo på moa og tene kongen og fedrelandet eller kanskje det var dronninga.- Vestnok blir nu ikkje han så lenge borte, men det e nu den stunda det e. Han Sverre og han Rudolf reis ju til Island, og han Alf reis ju heilt til Grønland, – og kjem ikkje heim førr langt ut på hausten.»-
«Ja du har rett, det blir ikkje mange guta heime,» sa den hi gjenta att.
Ho sat just å tenkte på kor fint det svarte håret åt veninda hennar var, no når solstrålan leika i det.
-Men det væsste a alt blir nu det at vi kjem oss nu vesst ikkje tel Grundfjorden heller. Huff, kjem vi oss ikkje til Grundfjorden blir det engen sommar heller, syn nu æg. Æg gløm ikkje Grundfjordturen forleden sommar, – då vi åt rømmgrøt i måneskin. Åja, den turen i fjor og var nu minnerik, han og.»-
Den eine vekja sat no litt, så sa ho: «Grundfjordtur kan det nok bli. Ho Gammel-Hanna er no heime, – og han Einar er joså flenk å få ho tel å rusle å gå. Og så har vi ju endå han Gåsland og han Toralf, – så vi kjem oss kanskje på fesktur likevel. Men det er det, ser du, at nu går de her å skryt å skrepp a kor omsverma di blir a damerne – sju, otte stykkja på kvar gute, heiter det ju tel kvardags. Æg kunde mæst ærgre mæ både gul og grøn over dei. Men du, nu ska vi berre gjær akkurat som om vi ikkje ser di, – så slutta di nok snart med skryte sett, Vaskoppan.»
«Ja, du, alt dettan er nu sant, – svara då andre vekja att, og sant er det igrunden og, at vi får leit lenge førr vi finn så gjæve guta, som våres-. Og så får vi nu ha kaffelag og sånt smått utover sommaren – rydd hustomt og alt sånt som e nøtti. Og når så gutan kjem heim igjen, skal du sjå vi har fått eit fint sjølvæganes hus – og då ska vi ha fest som det ska spørres etter. -Ka du berre trur?»
«Ja, du», no stod den andre vekja op, hoppa i take og flira: «Det blir arti når vi får hus. Om vinteren når då alle gutan er borte, går vi dit både titt og ofte og har oss ei koselig stund samann. Når vi får masse penga kjøp vi orgel, så får vi musikk og. På Myrland lika æg mæ nu allerbest likevel.» De satt endå ei stund til å røda om sånt hemmeligsmåtteri, så skunda di seg kvar åt seg til arbeid og matstræv.

17. maifeiring i Nordgården ("hos Seebergs"

17. maifeiring i Nordgården ("hos Seebergs"

  1. Ingen kommentarer enda.
  1. Ingen tilbakespor enda.
Du må logge inn for å poste en kommentar.